Sikt for fagskular

Korleis skal fagskulen din sikre at nye talent får ein god digital skulekvardag? Vi har dei tekniske løysingane som støttar fagskulen din i alt frå opptak av studentar til gjennomføring av utdanningane.

Vernehjelm og aliminiumsrør.

Tjenester til fagskoler

Opptaksløysingar for fagskular

Sikt (tidlegare Unit, Uninett og NSD) har utvikla IT-løysingane i Samordna opptak for fagskular, noko som har gjort det enklare for studentar å søkje på fagskule, og gjort fagskulane meir synlege og tilgjengelege på nett.

Vi støttar dermed stortingsmeldinga “Fagfolk for framtida” direkte, og oppfyller fleire av tiltaka foreslått i meldinga.

Vil tilby mer til fagskular framover

Vi er likevel ikkje fornøgde med det, og har fleire spennande planar på plass for å bidra til fagskulars vekst i Noreg. Vi treng adskilleg fleire fagutdanna menneske i framtida enn det som blir i dag utdanna, eit behov som fagskulane landet rundt skal bidra til å dekkje.

Verktøya du treng

For å vere klar til den forventa auken i talet på studentar ved fagskulane bør du ha dei nødvendige tekniske løysingane på plass. Vi hjelper deg med å finne teknologien din skule treng for å gi studentane ein skulekvardag med god digital støtte.

Mange fagskular lyser ut studieplassar via Samordna opptak kvart år. Øvst på siden ser du kva for nokre andre tenester vi tilrår fagskular å ta i bruk. Våre tenester underbyggjer og støttar kvarandre, slik at du skal kunne ta i bruk heilskaplege og godt integrerte system, utan å tenkje på komplekse tredjepartsintegrasjonar for å få ting til å fungere optimalt.

Vi har samarbeidd med fagskular i lang tid, og mandatet vårt er å gi skulane akkurat dei verktøya dei treng, verken fleire eller færre. Ta kontakt med oss for ein samtale om korleis vi kan bidra til å forenkle kvardagen ved din lærestad.